mandag 7. november 2011

Å utvikle ein digitalt kompetent skule

Å innføre IKT i skulen er ein langsam og komplisert prosess, som ser ut til å følgje eit bestemt mønster (Nilsen, 2010). Først er det fokus på infrastruktur, datamaskiner og nett. Sidan flyttar fokuset over til teknologisk kompetanse, og det er fullt "trøkk" på kompetanseheving for lærarar og andre. Når alt det andre er på plass vender ein seg så mot klasserommet og pedagogisk praksis.

Nils Ole Nilsen viser i artikkelen sin til Cubans tre tankemodellar for innføring av IKT i skulen:  Den første, den sakte revolusjonen, handlar om infrastruktur og teknologi som læringsplattform. Den andre, modellen med kontekstuelt begrensede valg, beskriv ein situasjon der val i høve til undervisning og læring er overlate til læraren. Her kan i grunnen alt føregå på gamlemåten, men leksene blir lagt ut på It's learning og karakterar og fråver blir ført i Skolearena. Den tredje modellen, den økologiske modellen, handlar om tilhøva i omgjevnadene og mulegheiter for formeiring; IKT inneber ei så gjennomgripande endring i samfunnet og i kvardagen til alle, at skulen umuleg kan halde fram upåverka av dette. Men det er vesentleg korleis vi organiserer skuledagen, kva for krav vi stiller til lærarane, og korleis vi legg opp til utvikling av nye praksisar hjå lærarar og elevar. Implementeringa av IKT i skulen ser ut til å ha gått gjennom ein prosess der desse ulike modellane har vore dominerande til ulike tider.

Vi ser på vår skule at vi har gått trappa (Nilsen, s.119) frå infrastruktur via "knottekurs" for lærarane, og no er situasjonen litt uoversiktleg. Dei lærarane som er kompetente IKT-brukarar "på privaten" og noko over middels interesserte, heng godt med når det gjeld teknologisk og pedagogisk IKT-kompetanse. Dei brukar IKT aktivt i undervisning og læring, og IKT-perspektivet er med i planleggingsarbeidet. Men somme føler kan hende at dei sakkar akterut, og har fått eit tilleggsproblem til IKT: Klasseleiing er blitt ei større utfordring no når elevane har datamaskiner, og det kan verke som om datamaskina får skulda for det meste av det som er gale i skulen. 

For skuleleiinga er det ei utfordring å skulle drive kompetanseheving innan IKT på ein effektiv og ikkje altfor ressurskrevjande måte når alle er på ulikt nivå og har så ulike behov. Og kva gjer vi med "vegrarane", for dei finst vel på alle skular? Og korleis skal vi støtte lærarane våre som trygge klasseleiarar dersom datamaskinene gjer dei utrygge?

Vi har hatt mange ulike ordningar med kompetanseheving opp gjennom åra: Vi har laga kurs i Office-pakken, lærarar har tatt Datakortet osb. I tillegg har vi hatt endelause rekker med kurs på ulike nivå (vi delte inn i nybegynnarar og vidarekomne år etter år) innan e-post, lms, Internett osb. Vi har prøvd både gulrot og pisk, ved å skilje mellom obligatoriske og frivillige kurs. Vi har ikkje målt effekten av desse tiltaka på vitskapeleg vis, men når vi ser på bruken av IKT i undervisninga (Undervisningsevaluering av lærarane kvart år) så er det grunn til uro. Det går kkje så fort som vi skulle ønskje...
I dei siste to åra har vi nesten kutta ut store IKT-kurs som går på teknisk bruk og programvare. Vi køyrer maks ein ny ting i året, og den skal vere direkte retta mot undervisning og elevane si læring. I år har vi t.d. hatt kurs for alle i Officeprogrammet Onenote, og dette blei følgt opp av ein workshop veka etter. Andre kurs har vi to gonger i semesteret, då set vi opp fleire parallelle kurs i fellestida, og desse er workshop-baserte. Dette synest vi fungerer mykje betre, og lærarane melder tilbake at dei opplever denne måten å arbeide på som meir motiverande. Ein annan ting er at det blir som eit "lågterskeltilbod" der ingen spørsmål er for dumme.

Vi har sett opp ein rutine for "framgangsmåte ved IKT-trøbbel", som gjeld for ting som ikkje er av teknisk art:
  1. Spør sidemannen eller ein ven, eller "google" problemet
  2. Sjekk faget vårt; Digital skole, på It's learning (der har vi ein database med instruksjonsvideoar og tips og triks for alt muleg)
  3. Spør superbrukaren eller eKoordinatoren om dei er tilgjengelege
  4. Send e-post til ovannemnde
Dette sparer oss for mykje tid i høve til å løyse enkle, ofte banale problem. I tillegg er det ofte slik lærarar best hevar kompetansen sin: gjennom å finne ut av ting sjølv eller å samarbeide med kollegaer (jf Halvorsen (2010), s. 69).

Vi ser meir og meir behovet for at utviklingsarbeidet vårt må dreie seg om å skape ein kultur for deling og læring i kollegiet, der vi legg til rette for og skaper rom for refleksjon og erfaringsdeling. 
Og vi må også ha fokus bort frå PC-en og meir attende til pedagogikk og didaktikk, men PC-en som ein naturleg del i lag med bøker, skrivesaker, tavler og annan lærings- og undervisningsteknologi.



Kjelder:
Kjell Atle Halvorsen: "Kompetent klasseledelse - ledelse, læring og mestring i teknologitette klasserom"
Nils Ole Nilsen: Rektors ledelseskompetanse - hva skal til for å utvikle en digitalt kompetent skole?
Begge artiklane er henta frå Andreassen m. fl. (red.), 2010: Kompetent skoleledelse, Trondheim, Tapir akademisk forlag, 2010