torsdag 27. oktober 2011

God ledelse

Høyrde ein god ein i dag, frå ein kollega som hadde vore på foredrag med Humørbonden Geir Styve. Han er med i Livsverkene, som ifølgje nettsida er ein oppmuntrings-og utviklingsallianse. Humørbonden driv med litt av kvart, mellom anna held han foredrag med titlar som: "Båten blir til mens vi ror" og "Bygdedyrkverking".  I foredraget kollegaen min var på, snakka han om kva som skal til for å utøve god leiing, eller LEDELSE som det heiter på sidemål ;-). Humørbonden meiner at god ledelse er tre ting: For det første er det viktig med humor, ein må kunne tulle litt og ikkje alltid ta ting så alvorleg. Det er viktig å kunne LE, ikkje minst av seg sjølv. For det andre er det viktig å ha eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, slik at medarbeidarane er trygge, og ein kan hjelpe kvarandre. Det er essensielt å kunne dele erfaringar og kunnskap med kvarandre, for slik utviklar både dei einskilde medarbeidarane og heile organisasjonen seg. Alle må få ta DEL i kunnskapen som finst i fellesskapet. Sist, men ikkje minst er det heilt avgjerande for ein leiar at ein er god til å SE medarbeidarane (sidemål igjen), at kvar einskild medarbeidar føler seg sett og anerkjent.
For å oppsummere: Dei tre viktigaste ingrediensane for god ledelse er altså: LE - DEL - SE!
Var ikkje den snedig?

fredag 21. oktober 2011

Treng vi lms?

I den digitale skulen har vi lenge tenkt at lms-en er heilt uunnværleg. Vi brukar It's learning til å administrere, organisere og dokumentere undervisning. Alle planar og opplegg legg vi ut i faga våre (som blir automatisk oppretta frå Extens), elevane sender meklding om fråver osb., vi tar inn oppgåver og elektroniske prøver her, og gir tilbakemeldingar og framovermeldingar. Eigenvurdering skriv elevane som logg i arbeidsmappa, og elevane kan også bidra med innhald i faget dersom vi gir dei skrivetilgang til mapper i faget. Slik sett er lms-en ein flott stad å vere saman. Men etter kvart som det kjem fleire og fleire muligheiter gjennom web 2.0-teknologiar, blir det også klårare kva for begrensingar som ligg i lms-en. For det første er læraren lærar og elevane elev i lms-en. Dei har ulike rettar og ulike tilgangar. Det kan vere nyttig nokre gonger, men kompliserer deltaking frå elevane si side. Det er tungvint å legge ut ting, endre eller flytte innhald, i og med at dei fleste operasjonar krev svært mange klikk. Det er også begrensa muligheiter for å endre oppsett og utsjånad på fagsidene, sjølv om det hjelpte då dashbord-teknologien kom. Mange lærarar er svært kreative, og ynskjer å ta i bruk muligheiter og tilpassingar som ikkje går innanfor lms-en, t.d. når det gjeld samarbeid. Vi brukar SkoleArena til fråver, varsling og halvårsvurdering (og kan også bruke det til å dokumentere undervegsvurdering), så den reint administrative biten kan ivaretakast gjennom det programmet. Vi er kopla til eit felles nettverk, og har fellesområde på server der vi kan lagre og dele filer og mapper "på gamlemåten". Så vi kan tenke oss ei utvikling der fleire og fleire lærarar byrjar å sjå på alternativ til lms:  ulike verktøy for samarbeid og deling kan brukast: samskriveverktøyet Etherpad som ligg tilgjengeleg på Nasjonal digital læringsarena, ndla.no, wikitenesta Wikispaces, blogg,sosiale digitale tankekart som t.d.  Mindmeister.com. Ein kan brukeOffice-programmet Onenote til å lage ein felles elektronisk ringperm i faget, som kan delast av lærarar og elevar og gjerast tilgjengeleg både heime og på skulen. Denne vil også kunne brukast på eksamen.Der ein før hadde læraren og læreboka som dei to viktigaste (og kanskje einaste) vegane til kunnskapen i faget, ser vi no at eleven har eit hav av ressursar, verktøy og arenaer for læring. Lærarar vil foretrekke ulike verktøy, somme vil vere betre eigna for visse fag osb.Det du kan lære vert begrensa ikkje av læraren, læreboka og pensum, men av kva for nettverk du greier å bygge deg i web 2.0-sfæren. Så korleis skal skuleleiinga gripe dette an? Korleis skal vi gå fram for å ruste lærarar for god praksis i den digitale, sosiale, hyperkomplekse verda? Det skal noko til å utvikle ikkje berre den reint tekniske digitale kompetansen, men samstundes det Rune Krumsvik (2007) hevdar må inngå i den digitale kompetansen for læraren: eit pedagogisk-didaktisk ikt-skjønn. Det vil seie at ein må ha oversikt over digitale læringsressursar og verktøy, og samstundes vere i stand til å avgjere om og korleis dette passar å bruke i læringssamanhengen. IKT må kome inn som ein del av dei vala læraren tar i førebuinga av undervisninga.
Det nyttar ikkje med nokre enkle kursrekker i dei mest grunnleggjande tinga. Vi må lage ein kultur der det å lære, dele og utvikle eigen kompetanse blir ein naturleg del av praksis. Meir om det seinare håpar eg, god helg!


Kjelde: Krumsvik, R (2007): Skulen og den digitale læringsrevolusjonen. Samlaget

fredag 7. oktober 2011

IKT: informasjon og kommunikasjon

Vi har kome veldig langt i bruken av IKT i administrasjon på vår skule, her vil vi nesten seie at vi har funne ei form som fungerer godt, og som kanskje kan vere stabil ei stund. Vi brukar eigne informasjonsfag i It's learning eller e-post til all informasjon til lærarar og elevar. Vi brukar også mest e-post til kommunikasjonen innad i leiinga og med foreldre/føresette og aktørar utanfor skulen. Slik er det greitt å halde orden og dokumentere sakshandsaming t.d.


Det er vanskeleg å finne gode nok løysingar når det gjeld informasjon. Somme vil ha minst muleg e-post, andre vil ha alt på e-post. Gjennom ca 8 år med gradvis innføring av e-post og lms og prøving og feiling i høve til informasjonsstrategi, har vi kome fram til nokre enkle prinsipp som vi freistar å følgje:
  • All informasjon som er av generell karakter, og gjeld heile/store deler av personalet og/eller alle/mange elevar, kjem som oppslag i It's learning. Der har vi eitt fag for intern informasjon til tilsette og eit anna til elevane/alle. Dette kan vere informasjon som gjeld endring av skuleruta, skidag e.l.
  • All informasjon som gjeld grupper av personale (t.d. kontaktlærarar, alle på HS-avdelinga) blir sendt på e-post.
  • Informasjon ut til einskildelevar eller grupper av elevar vert i hovudsak sendt som melding på It's learning. Dersom det er viktig informasjon som krev snar respons brukar vi å sende sms frå det administrative systemet Extens (t.d. dersom vi ynskjer at dei skal ta kontakt med kontoret snarast)
  • Kommunikasjon mellom tilsette skjer i hovudsak gjennom e-posten.
  • Kommunikasjon mellom lærarar og elevar skjer hovudsakleg via meldingssystemet på It's learning. Elevar som er borte frå skulen sender t.d. melding om fråveret til kontaktlærar.
  • Lærarar kan opne for sms på sin private mobil dersom dei ynskjer det, men vi pålegg ingen dette.
Vi har også ei heimeside der vi informerer foreldre/føresette og andre om verksemda vår. Den er tungvint å vedlikehalde, og meir statisk enn vi skulle ynskje. Her legg vi ut informasjon om skuleruta, fagtilbod, foreldremøte osb. Vi er sjølvsagt på Facebook, men det ser vi på som ekstrasørvis, og eit tillegg til dei andre kanalane. T.d. har biblioteket ei eiga side på It's learning, men dei brukar Facebooksida til å marknadsføre nye bøker .


Vi ser av dette at kommunikasjon er ein kompleks og komplisert affære. Og sjølv om vi har retningsliner og rutinar som beskrive ovanfor, så er det ikkje så enkelt. Mange lærarar brukar av og til e-post og av og til It's learning til å kommunisere med oss i leiinga, og i tillegg har leiinga to ulike e-postadresser i systemet, så vi må følgje med i tre kanalar.


Dette er eit klart eksempel på at det Qvortrup kallar hyperkompleksitet pregar eitt enkelt aspekt ved verksemda vår: kommunikason og informajon. Denne kompleksiteten gjer at vi føler det er vanskeleg å følgje med, det er for mange kanalar, for mykje informasjon, ein brukar tid på å sile og dele inn i viktig og uviktig t.d. Det er også viktig for oss i leiinga å tenkje informasjon og kommunikasjon inn i alle saker; kven skal informere, korleis, kva for kanalar osb.


Eit anna aspekt ved denne hyperkompleksiteten, er at informasjon ikkje berre er informasjon. I høve til heimesida vår og Facebook, tenkjer vi også marknadsføring og omdømmebygging. Vi lever med fritt skuleval og konkurranse med andre vidaregåande skular, og må dermed også bruke kanalane til å gjere oss lekre for potensielle søkjarar.


Kjelde: Qvortrup, L. (2001): Informationssamfundet: Det hyperkomplekse samfund