torsdag 27. oktober 2011

God ledelse

Høyrde ein god ein i dag, frå ein kollega som hadde vore på foredrag med Humørbonden Geir Styve. Han er med i Livsverkene, som ifølgje nettsida er ein oppmuntrings-og utviklingsallianse. Humørbonden driv med litt av kvart, mellom anna held han foredrag med titlar som: "Båten blir til mens vi ror" og "Bygdedyrkverking".  I foredraget kollegaen min var på, snakka han om kva som skal til for å utøve god leiing, eller LEDELSE som det heiter på sidemål ;-). Humørbonden meiner at god ledelse er tre ting: For det første er det viktig med humor, ein må kunne tulle litt og ikkje alltid ta ting så alvorleg. Det er viktig å kunne LE, ikkje minst av seg sjølv. For det andre er det viktig å ha eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, slik at medarbeidarane er trygge, og ein kan hjelpe kvarandre. Det er essensielt å kunne dele erfaringar og kunnskap med kvarandre, for slik utviklar både dei einskilde medarbeidarane og heile organisasjonen seg. Alle må få ta DEL i kunnskapen som finst i fellesskapet. Sist, men ikkje minst er det heilt avgjerande for ein leiar at ein er god til å SE medarbeidarane (sidemål igjen), at kvar einskild medarbeidar føler seg sett og anerkjent.
For å oppsummere: Dei tre viktigaste ingrediensane for god ledelse er altså: LE - DEL - SE!
Var ikkje den snedig?

fredag 21. oktober 2011

Treng vi lms?

I den digitale skulen har vi lenge tenkt at lms-en er heilt uunnværleg. Vi brukar It's learning til å administrere, organisere og dokumentere undervisning. Alle planar og opplegg legg vi ut i faga våre (som blir automatisk oppretta frå Extens), elevane sender meklding om fråver osb., vi tar inn oppgåver og elektroniske prøver her, og gir tilbakemeldingar og framovermeldingar. Eigenvurdering skriv elevane som logg i arbeidsmappa, og elevane kan også bidra med innhald i faget dersom vi gir dei skrivetilgang til mapper i faget. Slik sett er lms-en ein flott stad å vere saman. Men etter kvart som det kjem fleire og fleire muligheiter gjennom web 2.0-teknologiar, blir det også klårare kva for begrensingar som ligg i lms-en. For det første er læraren lærar og elevane elev i lms-en. Dei har ulike rettar og ulike tilgangar. Det kan vere nyttig nokre gonger, men kompliserer deltaking frå elevane si side. Det er tungvint å legge ut ting, endre eller flytte innhald, i og med at dei fleste operasjonar krev svært mange klikk. Det er også begrensa muligheiter for å endre oppsett og utsjånad på fagsidene, sjølv om det hjelpte då dashbord-teknologien kom. Mange lærarar er svært kreative, og ynskjer å ta i bruk muligheiter og tilpassingar som ikkje går innanfor lms-en, t.d. når det gjeld samarbeid. Vi brukar SkoleArena til fråver, varsling og halvårsvurdering (og kan også bruke det til å dokumentere undervegsvurdering), så den reint administrative biten kan ivaretakast gjennom det programmet. Vi er kopla til eit felles nettverk, og har fellesområde på server der vi kan lagre og dele filer og mapper "på gamlemåten". Så vi kan tenke oss ei utvikling der fleire og fleire lærarar byrjar å sjå på alternativ til lms:  ulike verktøy for samarbeid og deling kan brukast: samskriveverktøyet Etherpad som ligg tilgjengeleg på Nasjonal digital læringsarena, ndla.no, wikitenesta Wikispaces, blogg,sosiale digitale tankekart som t.d.  Mindmeister.com. Ein kan brukeOffice-programmet Onenote til å lage ein felles elektronisk ringperm i faget, som kan delast av lærarar og elevar og gjerast tilgjengeleg både heime og på skulen. Denne vil også kunne brukast på eksamen.Der ein før hadde læraren og læreboka som dei to viktigaste (og kanskje einaste) vegane til kunnskapen i faget, ser vi no at eleven har eit hav av ressursar, verktøy og arenaer for læring. Lærarar vil foretrekke ulike verktøy, somme vil vere betre eigna for visse fag osb.Det du kan lære vert begrensa ikkje av læraren, læreboka og pensum, men av kva for nettverk du greier å bygge deg i web 2.0-sfæren. Så korleis skal skuleleiinga gripe dette an? Korleis skal vi gå fram for å ruste lærarar for god praksis i den digitale, sosiale, hyperkomplekse verda? Det skal noko til å utvikle ikkje berre den reint tekniske digitale kompetansen, men samstundes det Rune Krumsvik (2007) hevdar må inngå i den digitale kompetansen for læraren: eit pedagogisk-didaktisk ikt-skjønn. Det vil seie at ein må ha oversikt over digitale læringsressursar og verktøy, og samstundes vere i stand til å avgjere om og korleis dette passar å bruke i læringssamanhengen. IKT må kome inn som ein del av dei vala læraren tar i førebuinga av undervisninga.
Det nyttar ikkje med nokre enkle kursrekker i dei mest grunnleggjande tinga. Vi må lage ein kultur der det å lære, dele og utvikle eigen kompetanse blir ein naturleg del av praksis. Meir om det seinare håpar eg, god helg!


Kjelde: Krumsvik, R (2007): Skulen og den digitale læringsrevolusjonen. Samlaget

fredag 7. oktober 2011

IKT: informasjon og kommunikasjon

Vi har kome veldig langt i bruken av IKT i administrasjon på vår skule, her vil vi nesten seie at vi har funne ei form som fungerer godt, og som kanskje kan vere stabil ei stund. Vi brukar eigne informasjonsfag i It's learning eller e-post til all informasjon til lærarar og elevar. Vi brukar også mest e-post til kommunikasjonen innad i leiinga og med foreldre/føresette og aktørar utanfor skulen. Slik er det greitt å halde orden og dokumentere sakshandsaming t.d.


Det er vanskeleg å finne gode nok løysingar når det gjeld informasjon. Somme vil ha minst muleg e-post, andre vil ha alt på e-post. Gjennom ca 8 år med gradvis innføring av e-post og lms og prøving og feiling i høve til informasjonsstrategi, har vi kome fram til nokre enkle prinsipp som vi freistar å følgje:
  • All informasjon som er av generell karakter, og gjeld heile/store deler av personalet og/eller alle/mange elevar, kjem som oppslag i It's learning. Der har vi eitt fag for intern informasjon til tilsette og eit anna til elevane/alle. Dette kan vere informasjon som gjeld endring av skuleruta, skidag e.l.
  • All informasjon som gjeld grupper av personale (t.d. kontaktlærarar, alle på HS-avdelinga) blir sendt på e-post.
  • Informasjon ut til einskildelevar eller grupper av elevar vert i hovudsak sendt som melding på It's learning. Dersom det er viktig informasjon som krev snar respons brukar vi å sende sms frå det administrative systemet Extens (t.d. dersom vi ynskjer at dei skal ta kontakt med kontoret snarast)
  • Kommunikasjon mellom tilsette skjer i hovudsak gjennom e-posten.
  • Kommunikasjon mellom lærarar og elevar skjer hovudsakleg via meldingssystemet på It's learning. Elevar som er borte frå skulen sender t.d. melding om fråveret til kontaktlærar.
  • Lærarar kan opne for sms på sin private mobil dersom dei ynskjer det, men vi pålegg ingen dette.
Vi har også ei heimeside der vi informerer foreldre/føresette og andre om verksemda vår. Den er tungvint å vedlikehalde, og meir statisk enn vi skulle ynskje. Her legg vi ut informasjon om skuleruta, fagtilbod, foreldremøte osb. Vi er sjølvsagt på Facebook, men det ser vi på som ekstrasørvis, og eit tillegg til dei andre kanalane. T.d. har biblioteket ei eiga side på It's learning, men dei brukar Facebooksida til å marknadsføre nye bøker .


Vi ser av dette at kommunikasjon er ein kompleks og komplisert affære. Og sjølv om vi har retningsliner og rutinar som beskrive ovanfor, så er det ikkje så enkelt. Mange lærarar brukar av og til e-post og av og til It's learning til å kommunisere med oss i leiinga, og i tillegg har leiinga to ulike e-postadresser i systemet, så vi må følgje med i tre kanalar.


Dette er eit klart eksempel på at det Qvortrup kallar hyperkompleksitet pregar eitt enkelt aspekt ved verksemda vår: kommunikason og informajon. Denne kompleksiteten gjer at vi føler det er vanskeleg å følgje med, det er for mange kanalar, for mykje informasjon, ein brukar tid på å sile og dele inn i viktig og uviktig t.d. Det er også viktig for oss i leiinga å tenkje informasjon og kommunikasjon inn i alle saker; kven skal informere, korleis, kva for kanalar osb.


Eit anna aspekt ved denne hyperkompleksiteten, er at informasjon ikkje berre er informasjon. I høve til heimesida vår og Facebook, tenkjer vi også marknadsføring og omdømmebygging. Vi lever med fritt skuleval og konkurranse med andre vidaregåande skular, og må dermed også bruke kanalane til å gjere oss lekre for potensielle søkjarar.


Kjelde: Qvortrup, L. (2001): Informationssamfundet: Det hyperkomplekse samfund

fredag 30. september 2011

Den digitale skule - eit paradigmeskifte?

Vi har drive på med å innføre IKT i skulen i ein del år no, men det går nokså langsamt, vil mange meine. "Den digitale skule" har vore ein visjon, eit mål, og på nokre område er vi nok på målstadiet enno. På andre område kan vi vel seie at vi er komne eit godt stykke på veg, eller kan hende til og med omtrent i mål.
I byrjinga var det stort fokus på infrastruktur, på trådlaust nettverk, prosjektørar og datamaskiner. Etter kvart som infrastrukturen har kome på plass, har fokuset dreia seg over mot bruken av alt dette nye utstyret, og vi ser at vi gradvis går frå å konsentrera oss mest om tekniske ferdigheiter til å bli meir opptekne av det pedagogiske aspektet.  Utviklinga skaut for alvor fart då elevane i 2007 fekk eigne berbare pc-ar, i og med prosjektet ”Den digitale skole” 


Kjell Atle Halvorsen peikar på at endringsprosessar generelt er komplekse, dei kan vanskeleg planleggjast. Innføring av den digitale skule er ein  kompleks endringsprosess med fleire ulike element som må verke saman for at ein skal lukkast. Denne kompleksiteten kan framstillast som ein matrise der alle deler er like viktige:

visjon
kompetanse
insentiver
ressurser
planer
suksess

kompetanse
insentiver
ressurser
planer
forvirring
visjon

insentiver
ressurser
planer
engstelse
visjon
kompetanse

ressurser
planer
langsom endring
visjon
kompetanse
insentiver

planer
frustrasjon
visjon
kompetanse
insentiver
ressurser

sprikende satsing
(Halvorsen, 2009, s. 77)


Dersom eitt av elementa manglar, vil det ha negative konsekvensar for utviklinga eller gjennomføringa. Det er leiinga sitt ansvar å setje planane ut i livet, og faktisk innføre ”Den digitale skule.” Det er altså vårt ansvar å passe på at alle elementa i matrisen er til stades og godt ivaretekne. Men vi veit jo at det er svært vanskeleg å halde fokus på mange ting samstundes, og eg tenkjer at vi kanskje har hatt ulikt fokus til ulike tider: I byrjinga var det ressursar og infrastruktur som var hovudelementet. Vi kunne jo ikkje begynne med digitale hjelpemidlar utan pc-ar og nett! Etter kvart som vi fekk breiare band og fleire og raskare pc-ar, vart vi meir opptekne av kompetanseutvikling; lærarane måtte får opplæring i bruk av digitale verkty i undervisninga. I byrjinga kom pedagogikken og elevane si læring i bakgrunnen medan lærarane fekk opplæring i powerpoint og videokanon.  Vi hadde kurs i bruk av lms, Office-program som Word, Powerpoint og Excel, e-postsystemet osb. Fokuset var i stor grad på det tekniske, å lære å bruke verktøya, og mange lærarar sakna meir pedagogisk vinkling på det heile. Kritiske motførestillingar dukka opp, av typen: Kvifor skal vi gjere det på dataen viss det fungerer like greitt på papir?
Mange hevdar framleis at det ikkje er nokon grunn til å bruke data viss det ikkje fører til meir og betre læring. Det  argumentet var gyldig i ei tid då digitale læremidlar og IKT i skulen var omtrent det same som å ”setje straum på” gamle metodar (Krumsvik, 2007). Men med framveksten av web 2.0-teknologi, er situasjonen radikalt endra. Den digitale revolusjonen har endra samfunnet og gripe inn i kvardagslivet vårt på måtar som var utenkeleg for berre nokre få tiår sidan. Vi brukar pc og internett til stadig fleire ting, og dette grip også inn inn i måten vi lærer på. Dersom eg lurer på korleis eg skal få til å setje videosnuttar inn i Powerpointen, eller kva dette nye presentasjonsverktyet Prezi er for noko, kan eg berre søkje på Google: Då får eg raskt hjelp i form av lenker til ei side med forklaring eller til Youtube med instruksjonsvideo. Eller eg kan leggje ut eit spørsmål på Facebook eller Twitter, og få svar nokså raskt. Så kva skal skulen gjere?
I ein slik kvardag er det iallfall sikkert at vi ikkje kan halde fram som før. Vi kan ikkje møte dette med enkle tilpassingar av innarbeidd praksis.
Innføringa av IKT i skulen har vore ein langsam prosess, men den endringa som no tvingar seg fram i og med web 2.0-teknologiar, berbare datamaskiner, smarttelefonar og gratis trådlaust internett, kan kallast eit paradigmeskifte i skulen. Det er ikkje muleg for lærarar og elevar å halde fram som før, ein må endre praksis.
Difor er det viktig at ein fokuserer på læring, undervisning, didaktikk og pedagogikk, og ikkje berre teknologi. Her har leiinga ei viktig oppgåve når det gjeld å skape tid og rom for lærarar til å forske i eigen praksis, prøve ut, dele og skape ny praksis.

Kjelder:
Halvorsen (2009): IKT i skolen. Ny teknologi - nye lederutfordringer, i Andreassen m. fl., Skoleledelse: betingelser for læring og ledelse i skolen, Trondheim: Tapir akademisk forlag, s. 77)
Krumsvik, R. (red): (2007): Skulen og den digitale læringsrevolusjonen, Universitetsforlaget).

tirsdag 13. september 2011

Ein bloggar? Eg?

Så var vi her igjen. Denne bloggen er ein del av masterstudiet i skuleleiing som eg er i gang med på NTNU. Vi skal blogge om ikt i skulen, skuleutvikling og skuleleiing. Eg har også ein gammal blogg på wordpress: http://magnhild.wordpress.com/